Hvorfor er staten så gjerrig mht. historiske funn?

Numismatisk forum
User avatar
skakke
Posts: 88
Joined: 17 Mar 2009 15:01
Contact:

Re: Hvorfor er staten så gjerrig mht. historiske funn?

Post by skakke »

total sølvfangst 2012.jpg
total sølvfangst 2012.jpg (461.62 KiB) Viewed 414 times
Heisann,
Interessant diskusjon dette. Det sjølvsagt hyggelig med finnarløn, men det bør ikkje vera det som skal vera drivkrafta når ein er så heldig å få tilgang til eit interessant jorde eller område. Det er gleden ved å oppdaga og å vera med på å finna ei lita puslebrikke til for forhistorie som er den aller største gleden. Sjølv har eg ikkje funne innleveringspliktige myntar enno, men eg håper det snart skjer :D Oldsaker av ulik art har eg levert inn i stort antal. I fjor kan eg nevna mange interessante funne som td. vikingnøkkel, seglmatriks frå middelader, tre spinnehjul, vektlodd forma som sjøorm, smykkeperler, skjoldbuleknapp og mykje meir. Det er faktisk mykje morsomt å finna for den som leiter.
Men, om ein skal fokusera på mynt, så er det jo ufattelig mange fine myntar å finna som ein får beholda sjølv! Mi norgessamling består kun av mynt som er funne med detektor. Så det blir jo alltids meir enn nok å beholda sjølv på den som leiter.
Eg har jobba litt med å få tilbakeført nokre av funna eg har gjort lokalt, slik at dei kan stillast ut til glede for vårt lokalsamfunn, og andre. Både fylket, kommunen og andre eg har vore i kontakt med er svært positive. Kva om finnarløn kunne delast ut til slike prosjekt? Altså at det følgjer med ein sum for eit bra funn? Berre ein tanke ... :wink:

Til slutt legg eg ved eit bilde av min totale sølvfangst, slik at eg får skryta litt over kor flink (eller evetuellt kor nerdete) eg er, og kanskje til inspirasjon for alle som har lyst å prøva dette? Og ja, alle desse myntane får eg beholda sjølv :)
Post Reply

Return to “Mynt og Seddel - Diskusjon”