Hjelp til tyding av signatur

Post Reply
Grinder
Posts: 2
Joined: 14 Sep 2015 15:49

Hjelp til tyding av signatur

Post by Grinder »

Hei igjen alle saman!

Eg har 5 maleri med ein signatur som eg ikkje klarar å tolke. På nokre av bileta er det skrive inn ein dato med blyant bakpå ramma. Og på det eine biletet er det også signert bakpå ein del av maleriet som er "bretta rundt" ramma. Her er det og tatt med noko som kanskje er eit førenamn?

Eg har "googla" som ein gal etter "Von Dal", men eg får ingen treff. Det er den same signaturen som står på alle dei fem bileta. Difor har eg konkludert med at dette ikkje er ein kjent kunster, men rett og slett eit trykk kjøpt på Ikea eller tilsvarande. Eg klarar likevel ikkje heilt å slå meg til ro med det, då eg ser tusjing og blyantstrøk bakpå maleria. Er dette eventuelt kanskje ein lokal kunstnar som eg ikkje finn på Google?

Eg har vist dette til to av mine vennar som er lektorutdanna og jobbar som lærarar. Eg trudde dei kunne tyde all mogleg skrift, men dei klarte dessverre ikkje dette.

Det eg har kome fram til, er at det står Von Dal. Kan dette stemme?

Takkar for all hjelp som eg kan få!

DSC_0112 (Large).JPG
DSC_0112 (Large).JPG (412.52 KiB) Viewed 778 times
DSC_0111 (Large).JPG
DSC_0111 (Large).JPG (399.62 KiB) Viewed 778 times
DSC_0110 (Large).JPG
DSC_0110 (Large).JPG (380.8 KiB) Viewed 778 times
DSC_0109 (Large).JPG
DSC_0109 (Large).JPG (396.73 KiB) Viewed 778 times
User avatar
tho
Posts: 3854
Joined: 08 Sep 2010 15:23
Location: Norge

Re: Hjelp til tyding av signatur

Post by tho »

Står det ikke "Maniojue V Ole Dal"?

Kan det vare olemann på Dal som lekt seg litt med pensel og palett fra Biltema?

http://www.olemann.com/
Post Reply

Return to “Malerier”